Dovrejul utlyser tekstkonkurranse for Norddals-ungdom
Romjulsfestivalen Dovrejul med brørne Per Arne og Bjørn Sigurd Glorvigen i spissen, utlyser ein tekstkonkurranse for ungdom i Nord-Gudbrandsdalen mellom 14 og 19 år. Dei ynskjer seg tekstar med tema usikkerheit, tvil og psykisk grenseland frå ungdommane sin kvardag. Tekstane skal brukast i Martin Korssletten sitt bestillingsverk som blir urframført i Dovre kyrkje 30.12.26. Innleveringsfrist: 17.mai! Premie: 3x 2000 kr
Kven er konkurransen for: Ungdommar fødd mellom 2007 og 2012 som er busett i ei av kommunane Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom eller Skjåk pr 1.1.2026.
Tema: Usikkerheit, tvil, grenselandet mellom normal og gal.
Sjanger: Open. Det kan til dømes vere dikt, smånoveller eller historier
Lengde: Maksimalt 1000 ord pr. tekst. Du kan sende inn fleire forslag.
Målform: Nynorsk eller Norddals-dialekt.
Innleveringsfrist: 17.mai 2026 kl 23:59
Innlevering via: dovrejul@gmail.com
Premie: Dei tre beste tekstane blir premiert med 2000 kr kvar.
Jury: Juryen består av Martin Korssletten, Sofie Huijs, Bjørn Sigurd og Per Arne Glorvigen
For dei tekstane som blir plukka ut gjeld følgjande:
Du må skrive under på at vi kan bruke teksten og oppgje deg som forfattar. Er du under 18 må vi ha samtykke frå ein forelder.
Verket blir registrert i Tono med deg som tekstforfattar.
Premien på 2000 kr går til dei tre beste bidraga. Andre bidrag kan også bli brukt, men ikkje premiert. Om ingen tekstar blir funne gode nok blir konkurransen avlyst.
Årets Dovrejul-tema: GENIAL OG GAL(IN)
Romjulsfestivalen Dovrejul går føre seg kvart 2. år i Dovre og er musikarbrørne Bjørn Sigurd og Per Arne Glorvigen sin måte å gje noko att til heimbygda. Kvar festival har eit tema og i 2026 ynskjer Dovrejul å utforska dei skjøre grensene mellom “normal” sinnstilstand, galskap og genialitet. Kvar går grensa? Er galskap nødvendig for kreativitet? Kan galskap vera både sunt og farleg samstundes for kunsten?
I år har festivalen engasjert komponist Martin Korssletten frå Otta til å skrive eit verk for barokkorkester, Lesja barnekor og opplesar Sofie Huijs frå Dovre/Lesja. Men dei treng tekstar. Tekstar der ungdommar mellom 14 og 19 år skriv om tema som usikkerheit, tvil og psykisk grenseland frå ungdommane sin eigen kvardag.
Dovrejul vil premiere dei 3 beste bidraga med 2000 kr kvar.
Innlevering skjer via e-post på dovrejul@gmail.com.
“Ikkje berre vil du bli premiert med 2000 kroner”, seier Bjørn Sigurd Glorvigen. - Du får til og med høyre teksten din framført i Dovre kyrkje 30. desember i år. “Tekstane blir til noko meir enn berre ord, når det blir sett musikk til”.